Ein vidaregåande skole består av ein restaurert bygning og eit nytt tilbygg. Skolen har 250 elevar.
I bygningane er det ti klasserom og to spesialrom, eitt som er delt mellom naturfag, fysikk og kjemi, og eitt for helse- og sosialfag som er innreidd som eit pasientrom med seng, nattbord og tekjøkken. Reinhaldarane har ansvar for reinhald av golvflater, vindaugskarmar, dører med karmar og vegger i spesialromma. Skolen er tilrettelagd for undervisning av funksjonshemma, under dette stellerom og vaskerom. Veggene er måla betong. Eit større ope areal er tilrettelagt for ulike aktivitetar og er innreidd med arbeidsplassar for elevar som har fritimar. Golvet har fliser som må reingjerast maskinelt ettersom det oppstår gangbanar som ikkje kan fjernast med mopping. I tilknyting til dette området ligg det også fem grupperom og to gruppe- og møterom som alle har vinylbelegg. Det er kontor i begge bygga, med arbeidsrom for grupper på opptil seks lærarar i kvar kontorsone. Dei som jobbar i administrasjonen, har enkeltkontor. Det store personalrommet er innreidd med tekjøkken og oppvaskmaskin. Reinhaldarane skal tørke av bord og kjøkkenbenk og sjå til at oppvaskmaskina blir fylt, sett i gang og tømd.
Kantina ligg i tilknyting til det opne biblioteket. Her er reinhaldarane berre ansvarlege for reinhald av golvflater med linoleumsbelegg.
Gymnastikkavdelinga består av ein gymnastikksal med vinylbelegg på golvet og eit eige trimrom med apparat. Det er reinhaldarane som har ansvar for å tørke av apparat og reinhald av alle golvflater. Dei fire garderobane for elevar og lærarar har vinylbelegg, og dusjane har keramiske fliser på golv og vegger. Gymnastikkavdelinga blir leigd ut på kveldstid.
Auditoriet har måla flater på skriveplate. Det er brukt ein miljøvennleg målingstype som er vanskeleg å reingjere. Flekkene sit godt fast og lèt seg berre reingjere med mikrofiberklutar. Auditoriet er mykje i bruk og blir også leigd ut på kveldstid. Inngangspartiet ved skolen er lett å halde reint til tross for at det er innreidd med mykje glas. Det er montert automatisk døropnar, og inngangspartiet er utstyrt med matter som er delte inn i felt med avskraping og fuktabsorberande eigenskapar. Heisen er montert i det nye tilbygget, og bygga er knytte saman med ei lita trapp med tre trinn og rampe.
Undervisningstida ved skolen er frå kl. 08.10 til 15.40, det vil seie åtte timar klasseundervisning med 60 minutts timar. Ein del elevar arbeider også sjølvstendig i løpet av dagen i det opne aktivitetsarealet og i biblioteket. Timeplanen blir brukt til planlegging av alle typar aktivitetar ved skolen.
Før tilbygget kom, var det tilsett tre reinhaldarar ved skolen. Du har heil stilling som leiande reinhaldar. I tillegg er det to medarbeidarar som jobbar 50 %. Alle begynner kl. 07.00. Når det nye bygget no blir teke i bruk, må det tilsetjast fleire. To reinhaldarar, som begge tidlegare har arbeidd deltid i 50 % stilling ved ein annan skole, har fått tilbod om ca. 75 % stilling med arbeidstid frå kl. 11.00 til 17.00. Begge har takka ja til jobben